søndag 5. juni 2011

Organisert beitebruk 2011

Til de som går i Leikangerfjella og eventuelt observerar kadaver, sjuke eller daude sau/lam. Me er takksame for ein kommentar her.

Dersom du har høve, ta fleire bilder av observasjonen
Dette gjeld også dersom de ser rovdyr.

Flott er det om de legg inn ein kommentar etter ein fjelltur og IKKJE har sett noko unormalt.
Ein beskrivelse av ruta du har gått, og gjerne kommentert som ANONYM viss du ynskjer det.

Vil du ikkje skriva her om unormale observasjonar, ta gjerne kontakt med oss på tlf.

Marit: 415 11 774
Eirik: 905 46 858
Per : 908 27 350

 
På førehand TAKK

16 kommentarer:

  1. Leikanger Sau og Geit5. juni 2011 kl. 23:40

    Ørna har starta å drepa lam hjå Per Høgheim. Han fann restane av eitt kadaver i dag saman med fjør frå ørna.

    SvarSlett
  2. Laurdag 4 juni sleppte eg sauer og lam frå Dalhjella i Henjadalen. Seinare på ettermiddag kunne gjetar Knut stadfesta at ein del av dei var komne til Stokksete. Der gjekk det og ein del av Magnar og Ivar sine dyr. Brua over Nondalsgroa, der stien frå Dalhjella kjem opp er øydelagt og dyra har litt problem med å krysse. Marit H.H

    SvarSlett
  3. No er alle sauene (-3 stk) sleppte til fjells. Siste leveranse til Fivelhåla i dag, dit eg har køyrt alle saman.

    SvarSlett
  4. Jan Reidar Njøs14. juni 2011 kl. 17:20

    Fant ein lambenode utan lamb,alarmen gjekk ikkje.Lambet er ikkje med mora, truleg er det taken av rev.Sundags kveld såg eg ein rev fremst i Njøsadalen (ved Eivalgjerdmyri).Elles var det mykje sauer på Gamlestølen i dag. Dette er truleg det andre lambet vårt som er teke av rev.

    Jan Reidar

    SvarSlett
  5. Var til Flya ikveld. 2 av lamsøyene mine var komne over Flyabrui til austsida.Grinda på brua er elendig. Der må lagast eit nytt opplegg snarast. Tek sikte på å gjera det i morgon.

    SvarSlett
  6. 2. pinsdag 13. juni gjekk eg + ungdommen frå Skahaug, Stokksete, Kaldbakk, Okslahaugane, Sevi og ned att til Fivelhola. På Stokksete var det mykje sau og lam, 4-5 Ivar sine med lam, Magnar og mine sine. Svært flott beitegras på selbøen. Under Kaldbakk mot Smørkletten gjekk 8 gymrar til PSR. Det var ingen dyr over Stokksete og der er det og svært lite mat å finne. På Sevi var omlag 8 av Per H sine søyer med lam. Alt fredeleg og roleg i beite. Av vilt såg me berre eit rypepar på snøen under Kjerrigasteinen.

    SvarSlett
  7. Då er ny grind på plass på Flyabrui.

    https://picasaweb.google.com/113126527001809124617/FlyabruiNyGrind#

    Fann ein sau til m/lam på "feil" sida. Hadde den over på rett sida.
    Elles såg eg Håle-sauer i tillegg til mine. Alt roleg. Såg 2 av gimrane mine rett framom HeimAgrindi då eg kom heimatt.

    SvarSlett
  8. No er infotavlene ved bommen i Henjadalen og i Heggdalene sette opp.Bjørn Hagen fiksa det flott!
    Fekk melding om eit daudt lam i rekkje opp til Dalhjedla.Me sjekka opp og det var eit lam til TamberIvar, nr. 11132. Lammet hadde sjøldaua.Ivar har fått beskjed..

    SvarSlett
  9. 13.juni gjekk me fra Kleppa til Stokksete-Aureveitane -Støype. Mykje sauer på Stokksete og framover mot Hjedlandegrovi og ned i Støype. Voldsomme skadar i Støype. Vanskeleg å kryssa elva der, men det ligg mykje "mursteinar" der så det går vel an å laga til noko.

    SvarSlett
  10. Va t Sevi søndag 19 og tysdag 21. juni. Alt ok. Ein del sauer komne rundt selbøen. La ut saltstein.

    SvarSlett
  11. Fredag kveld, 24. juni var Einar Fortun og såg på eit lammekadaver rett under Fadnastødl i Njøsadalen
    Konklusjonen hans er at GAUPE er skadegjeraren.
    Saueeigaar må vera på vakt, seier Fortun.

    SvarSlett
  12. 26.juni gjekk Kleppa- Stokksete- Aoreveitane. Høyrde sau nedom garden under høgspent (før Raumålsgrinda). Stilt heilt til Stokksete. Noko sau på selbøen, mest Marit og Magnar sine, men og ein til Ivar og truleg ein til Bjørn (kom ikkje heilt inn på den men meiner han var heilt raud). Nokre sauer i traseen til fjelltelemark (dei eg såg var våre, men det var meir bjøller i området). Alt stille, varmt og fint så mange låg nok i skuggen. Retur over damefall, nokre få bjøller (visuell kontakt med sau og to lam til Marit). Møtte nokre dyr av våre eigne på Kleppa.

    SvarSlett
  13. 02.juli.Friksdal,Vogga og Rysebotn.Friksdal til Gausagard mang Per sin og ein par Bjørn sine. Gausagard - Vogga stort sett berre Roger sine og en par mine. Vogga - Voggehammrane lite dyr To Roger sine og ein min. Kun ein sau med to lam som var kommen opp i Rysebotn (Roger). Mannge mine på framsida av Rysebotnau og mange Erling sine på heimsida av elva. Alt normalt.

    SvarSlett
  14. Me gjekk opp fra Henjadalen heimom Skulaunao. Rydda rekkje fra Henjadalen og opp til skogagrensa og heimover til saltetønna vår.La ut saltstein.Mange våre sauer i området og fram mot skuledalen. Mykje sauer heimover Fagereiggji og nedover. Mykje sauer framom Skulaonao på Sevisida.

    SvarSlett
  15. Liten interesse for denne bloggen i år. Blir avslutta etter denne sesongen

    SvarSlett